Hei, det ser ut som du bruker en utdatert nettleser. Vi anbefaler at du har siste versjon av nettleseren installert. Tekna.no støtter blant annet Edge, Firefox, Google Chrome, Safari og Opera. Dersom du ikke har mulighet til å oppdatere nettleseren til siste versjon, kan du laste ned andre nettlesere her: http://browsehappy.com
Hopp til innhold
Oluf Tonning

Berekraftig: Oluf Tonning har gjort det til ein tradisjon å ikkje bruke bil når han hentar juletre. Han ber treet heim. – Om det veg opp for hogginga av treet, kan ein diskutere, seier han.

– På privaten er eg noko av eit klimasvin

Leiar av Tekna Kongsberg avdeling Oluf Tonning, kallar seg sjølv ein sterk teknologioptimist, men innrømmer at på privaten er han noko av eit  klimasvin.

Kva for eit av berekraftsmåla brenn du særleg for og kvifor? Dette har vi spurt eit knippe avdelingsleiarar i Tekna frå ulike stader i landet om, fram mot FN-dagen 24. oktober. Styreleiar i Tekna Kongsberg, Oluf Tonning seier han har tilgong på eit av dei beste teknologimiljøa i landet, og meiner avdelinga har suksess om medlemmane kan pushe bedrifter i ei grønare retning.

Industrien kan ta dei store utsleppskutta

FN-mål 9:Industri, innovasjon og infrastruktur

– FN har utarbeida 17 berekraftsmål. Om du skulle velje ut eit du brenn særleg for, kva for eit skulle det vere, og kvifor?

– Eg plukkar berekraftsmål nr 9 Industri, innovasjon og infrastruktur. Det er industrien som kan ta dei store utsleppskutta, og innovasjon og forskning gjer det mogeleg. Skal dette skje, må industrien ha tilgong på ein sterk, variert, trygg og likestilt talentpool - mål nr 9 er med andre ord avhengig av tiltak retta mot alle dei andre berekraftsmåla. At både eg og brorparten av medlemmane i Kongsberg Avdeling jobbar i industrien, gjer nok at det er dette målet eg føler er det målet som treff meg nærast.

– Gjer du eller di Tekna-avdeling noko for å bidra til å oppfylle nokon av berekraftsmåla – kva til dømes?

Lar bilen stå

– Eg må nok innrømme at eg på privaten er noko av eit klimasvin. Hobbyen min er styrkeløft, og det gir meg eit matinntak som ingen vil kalle berekraftig. Når det er sagt, so forsøker eg jo å redusere fotavtrykket mitt der eg kan, til dømes gjennom å la bilen stå, kjeldesortere, og energieffektivisere (sjølvsagt).

Oluf Tonning på fjelltur
Oluf Tonning likar seg på fjelltur i heimbygda Stryn.

– I avdelinga har vi valt å ha ekstra fokus på "det grøne skiftet" i 2022. Eg er ein sterk teknologioptimist, og likar å lage faglege Tekna-arrangement med fokus på teknologiutvikling. Kongsberg Avdeling er so heldige å ha tilgong på eitt av dei beste teknologimiljøa i landet, og det forsøker vi å utnytte so godt vi kan.

– Tidlegare i år inviterte vi Kongsbergindustrien og kommunen til å fortelje om sine grøne teknologiprosjekt. Industrien fortalde om superspennande prosjekt frå hydrogenframstilling til vertikalt jordbruk, mens kommunen imponerte stort i innlegget sitt om bygging av energipositive bygg med bruk av hypermoderne teknologi.

Pushe i grønare retning

 – TeknaX-arrangementet blir no fulgt opp med eigne arrangement for dei mest spennande innslaga. Vi har hatt ein serie med føredrag frå KDA Romfart om satellittutvikling, og litt om korleis satellittane blir brukt i til dømes jordovervåking.

– Plast i havet var tema for eit digitalt arrangement. Barn og unge får sine arrangement. Vi har hatt fleire arrangement på Bergverksmuseet sin nye GeoLab, vitenshow med Andreas Wahl, og sponsing av Forskerfabrikken sin aktivitet i Kongsberg.

– Avdelinga engasjerer seg no saman med næringsforeininga i byen, for å bidra på den måten vi kan til å etablere eit årleg teknologi- og berekraftsarrangement.   

– Kva ville du vere stolt av at du eller Tekna lykkast med innan berekraft?

– Det er ikkje tilfeldig kva avdelinga arrangerer. Vi ønskjer å kople industrien med medlemmane våra, hovudsakleg for å synleggjere mogelegheiter for medlemmane våra. Men også som ei ansvarsleggjing av industrien. Eg meiner at avdelinga har suksess når eit Tekna-medlem brukar kunnskap erverva på eit Tekna-arrangement til grøn innovasjon, eller til å pushe ei bedrift i ei grønare retning, eller når eit Tekna-arrangement tenner realfagsinteressa hos born som seinare veljer realfagsstudier.