Hei, det ser ut som du bruker en utdatert nettleser. Vi anbefaler at du har siste versjon av nettleseren installert. Tekna.no støtter blant annet Edge, Firefox, Google Chrome, Safari og Opera. Dersom du ikke har mulighet til å oppdatere nettleseren til siste versjon, kan du laste ned andre nettlesere her: http://browsehappy.com
Hopp til innhold
Øyvind Heimset Larsen

Natur- og friluftsliv er viktig for styreleiar Øyvind Heimset Larsen i Tekna Sogn og fjordane. Han treng ikkje reise langt for fine opplevingar. Her er han på fjelltur i heimbygda Hyen i Nordfjord.

– Vi deltek gjerne digitalt i staden for å fly

– Eg vel meg berekraftsmål nr 8 Anstendig arbeid og økonomisk vekst, seier Øyvind Heimset Larsen som er styreleiar  i Tekna Sogn og Fjordane, Vestland fylke.

Kva for eit av berekraftsmåla brenn du særleg for og kvifor? Dette har vi spurt eit knippe avdelingsleiarar i Tekna om – frå Finnmark i nord til Oslo i sør og Sogn og Fjordane i vest fram mot den 24. oktober, da FN-dagen blir feira over heile verda.

FN-mål nr 8: Anstendig arbeid og økonomisk vekst

– FN har utarbeida 17 berekraftsmål. Om du skulle velje ut eit du brenn særleg for, kva for eit skulle det vere, og kvifor?

– Det er hardt å velje eit mål i eit program for å stoppe klimaendring, utrydde fattigdom og kjempe mot ulikskap. Dei 17 måla har 169 delmål som skal legge føringar for alle. Og dei må spele saman.

– Samarbeid, mål nr 17, er viktig. Men er det dette eg brenn for? Eg tok like godt, Norad- nett-testen Verdens viktigste mål.

– Det vart mål nr 8 Anstendig arbeid og økonomisk vekst. Vi må fremje varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetjing og anstendig arbeid for alle. Val-testar er eg skeptisk til, men eg vel mål nr 8.

 

Digitale møter gir lågare klimautslepp

– Gjer du eller di Tekna-avdeling noko for å bidra til å oppfylle nokon av berekraftsmåla – kva til dømes?

– I jobben er eg oppdragsforskar ved Stiftinga Vestlandsforsking. Berekraft er sentralt i sentersatsingane og oppdraga våre. Det gjeld også for meg som ikkje er miljøforskar, men mellom anna mobiliserer verksemder og kommunar til å ta i bruk forsking for å auke innovasjon. Då er det overordna målet å bidra til innovasjon, berekraftig verdiskaping, grøn konkurransekraft og klimaomstilling i Vestland fylke.

– Trugsmål mot biologisk mangfold og effekt av klimaendringar bekymrar. Eg er glad i digitale møter, men eg lever godt og tek til dømes flyreisa når det passar best. Personleg er natur- og friluftsliv, fiske og jakt viktige kortreiste opplevingar for meg. Eg er også engasjert i fotball som eg meiner har ei samfunnsrolle.

3 personer foran et vitensenter
Avdelinga støttar aktivt vitensenteret i fylket. Her er styremedlem Kristin Myhra Sæterdal, Jannicke Holmseth Bukve og Øyvind Heimset Larsenl framfor ViteMeir på Kaupanger.

– Tekna Sogn og Fjordane avdeling er opptekne av berekraft. Vi jobbar for god utdanning, mål nr 4, ved å rekruttere til realfaga med aktiv støtte til det trettande vitensenteret i landet, ViteMeir, Reodor-satsingar og vi heiar på alle natur- og realfagstudium i regionen. Vi nyttar Tekna sine Samfunnsmidlar aktivt. Dette er også viktig knytt til mål nr 9, Industri, Innovasjon og Infrastruktur, for heile landet må med.

– Vi er nøgde med digitaliseringa i Tekna og vi nyttar mest digitale møter. Det bidreg til lågare klimautslepp, mål 13. Berre eit styremøte i året, eit årsmøte, og eit par kurs vi inviterer  medlemmer til, skjer fysisk.  Dei digitale kursa er eit stort gode for våre medlemmar, som bur godt spreidde geografisk.  Vi deltek gjerne på sentrale samlingar digitalt i staden for å ta den ekstra flyreisa tur/retur.

 

– Kva ville du vere stolt av at du eller Tekna lykkast med innan berekraft?

– Digitaliseringa i Tekna er eg alt stolt av. Trass energibruk til datalagring er video-møte og kurs viktig for vårt energifotavtrykk og kanskje og for brei deltaking i organisasjonsarbeidet.

– Eg valde mål nr 8. Difor blir eg stolt om vårt arbeid og samla bidrag synleg kan påverke politikk og ressursbruk nasjonalt som fremjer varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetjing og anstendig arbeid for alle.