Hei, det ser ut som du bruker en utdatert nettleser. Vi anbefaler at du har siste versjon av nettleseren installert. Tekna.no støtter blant annet Edge, Firefox, Google Chrome, Safari og Opera. Dersom du ikke har mulighet til å oppdatere nettleseren til siste versjon, kan du laste ned andre nettlesere her: http://browsehappy.com
Hopp til innhold
boka vestlandsvegar

Tema: Samferdsel og infrastruktur

Vestlandsvegar - med Halvor Folgerø

Oppdatert: 28. nov. 2024 Streaming

Tekna Bergen og Norsk Veg- og Trafikkfaglig forening (NVTF) inviterte til et interessant fagmøte om Vestlandsvegar med journalist og forfattar Halvor Folgerø.

Vestlandet er kjend for smale, svingete og farlege vegar gjennom tronge fjordar og over bratte fjell. I dag er mange av skrekk-vegane erstatta av tunnellar. Halvor Folgerø skal ta oss med på ei reise tilbake i tid og på utsida av tunnellane, til både berykta og berømte vegar. Nokre vegstrekk er kjende og ikoniske, som Måbødalen, Tokagjelet og Ørnevegen i Geiranger. Andre er meir bortgøymde, men alle ligg i dramatisk natur, og har vore krevjande å ferdast på.

Dette er historia om då vegane vart bygde, men minst like viktig er forteljinga om korleis det var å leve med slike vegar. Det kunne vere nervepirrande, særleg om vinteren. Posten skulle fram, varene skulle leverast og elevane skulle på skulen. Som regel gjekk det bra, men ikkje alltid. Det handlar om hårnålssvinger, rygging på stup, kork og kø, skrekkslagne turistar, fødsel i førarhus, dramatiske ras og utforkøyringar.

Nokre historier er nesten ikkje til å tru, som forteljinga om dei tre unggutane som var på veg ned Tokagjelet i Hardanger vinteren 1975. Dei fekk sleng på bilen, fauk over støypekanten, svevde 50 meter i fritt fall, men landa i ei mjuk snøfonn. Alle tre kom frå det utan større fysiske skader.

Saman teiknar desse vegane eit bilete av kvardagslivet på Vestlandet i nær fortid, og dei fortel om ein ufatteleg vilje til å trosse den steile naturen.

Ovanståande er henta frå boka "Vestlandsvegar - historier om farlege og spektakulære vegstrekk | ARK Bokhandel" . Boka er rikt illustrert med gamle og nye bilete frå eit utval av Noregs farlegaste og mest spektakulære vegstrekk.

Halvor Folgerø (født 1967) er en journalist, musiker og forfatter fra Stord. Han har i en årrekke vært ansatt i NRK, der han har vært programleder for blant annet Mediemenerne. Han har skrevet to bøker om Vestlandsvegar.

nvtf logo

Kvelden avsluttes med utdeling av Egil Lundebrekkes minnepris.

Les også